Ein pandemi der INGENTING stemmer! Allereide frå starten av 2020, då WHO erklærde pandemi, forstod både vitskapsfolk av

Post Reply
Sigve
Posts: 3469
Joined: Sat May 07, 2022 8:15 am
Location: Ålesund
Contact:

Ein pandemi der INGENTING stemmer! Allereide frå starten av 2020, då WHO erklærde pandemi, forstod både vitskapsfolk av

Post by Sigve »

Ein pandemi der INGENTING stemmer!
( Av M.Hennum)

Allereide frå starten av 2020, då WHO erklærde pandemi, forstod både vitskapsfolk av ulike slag og lekfolk at her er mykje som ikkje stemmer. Og dei sa ifrå; i 3 år he dei sagt ifrå!
Question
Question
Screenshot_20230121_053232_Chrome.jpg (88.85 KiB) Viewed 151 times
Og stilt spørsmåla:

- Kvifor vart ikkje dei sjuke behandla i starten?
- Kvifor vert det slege ned på bruk av ufarlege, godkjende
medikament, som ein he brukt mot virus i årevis?
- Kvifor misser folk arbeidet når dei ikkje vil ha det som er sagt
er ei hastegodkjend vaksine?
- Kvifor misser helsepersonell arbeidet sitt verda over når dei seier
ifrå om biverknader?
- Kvifor vert det sagt at vaksinene er trygge og effektive, når dei
ikkje var utprøvde, og ingen kunne vite?

- Kvifor gjekk iallfall 20 statar i den vestlege verda vekk frå dei
vedtekne pandemiplanane dei hadde på nasjonalt plan, heilt utan diskusjon?

KORLEIS er det mogleg, om ein vil folk vel, å OPPMODE gravide om å injisere eit preparat som INGEN annan enn produsenten kjenner inhaldet i?

KORLEIS er det mogleg å OPPMODE om at born, om ein vil folk vel, skal injiserast med det same ukjende preparatet for å berge dei mot ei sykje som ikkje er farleg for dei?

KORLEIS er det mogleg å ikkje stoppe injeksjonane, når biverknandene langt overgår det godkjenningsorgana for vaksiner he som grense for å stoppe bruken av dei?

Eitt av svara er PENTAGON, "US Department of Defense" (DOD) det amerikanske forsvarsdepartementet. Eit departementet som seier om seg sjølv:

"DOD is America's largest government agency. Our mission is to provide the military forces needed to deter war and ensure our nation's security."

Det er den amerikansk/ukrainske forskaren og medikamentutviklaren Sasha Latypova som opplyser dette i ei rekkje intervju. Lidypova he i ei årrekkje drive med kliniske forsøk, ogso for Pfizer. Ho kjenner difor godt krava til produksjon og godkjenning av medikament.

Til eg såg intervju med Latypova trudde eg at "vaksinene" var naudgodkjende av det amerikanske legemiddelverket (FDA). Ifylgje Latypova er denne godkjenninga berre teater frå det amerikanske FDA si side. Kvifor? Jau, fordi då Helsedepartementet i USA erklærde nasjonal helsekrise, kunne dei bruke eit lov om "COUNTERMEASURES" (våpen), som sorterer under Forsvarsdepartementet.

Når denne lova vert brukt til å produsere og distribuere vaksiner, gjeld ikkje dei strenge krava som FDA he for utprøving og kvalitet til produktet. FDA he ingenting med desse countermeasures å gjere, om det er medikament aldri so mykje!

Brikkene fell på plass, litt etter litt. Frå før er det kjent at Pentagon he betalt media og organisasjonar milliardbeløp for å ikkje stille spørsmål ved den offisielle handteringa av viruset, men tvert imot promotere denne.

Her heime er det EU som godkjende vaksinene, under press frå FDA, som also ikkje var ein autoritet her, noko kanskje ikkje ein gong EU var klar over då. Og Noreg heng med gjennom EØS-avtalen.

EU-president Ursula von der Leyen nektar å vise Eu-parlamentet avtalegrunnlaget for vaksinekjøpa. No er ho under etterforsking for korrupsjon i høve Pfizervaksinene med ein verdi av 35 milliardar euro. Dåverande statsminister Erna Solberg ville hemmeleghalde dei same dokumenta i 100 år, og fekk 60.

President John F Kennedy, 15 november 1963, 7 dagar før CIA henretta han:

"There is a plot in this country
to enslave every man, woman and child.
Before I leave this high and noble office
I intend to expose this plot. "

Nokre tiår seinare fortalde CIA-sjefen president Ronald Reagan, at pr-avdelinga hans med 10 000 mann var i mål den dagen ALT det amerikanarane trudde var reelt, var feil!

Er heile Pandemitragedien regissert frå Pentagon?


.....
Få deg en enkel profil på DINMAKT.NO og gi kommentarer.
VELKOMMEN TIL DINMAKT.NO
Våres 3 kampsaker er: Ytringsfriheten, Demokratiet og menneskerettighetene. -FRIHET!
Vi tør der andre tier, et sensurfritt forum!
Vipps noen kroner til DINMAKT.NO Tlf.40310231, slik at vi kan fortsette kampen mot sensuren!
Post Reply