Det er meir uro i vente, så eg tek like godt bladet frå munnen og skriv fyrst som sist.

Post Reply
Sigve
Posts: 4517
Joined: Sat May 07, 2022 8:15 am
Location: Ålesund
Contact:

Det er meir uro i vente, så eg tek like godt bladet frå munnen og skriv fyrst som sist.

Post by Sigve »

Screenshot_20250324_123112_Facebook.jpg
Screenshot_20250324_123112_Facebook.jpg (176.29 KiB) Viewed 10 times
Det er meir uro i vente, så eg tek like godt bladet frå munnen og skriv fyrst som sist.

Så får kvar og éin ta sitt standpunkt om de meinar fortsatt at eg er heilt på viddene når det kjem til mitt standpunkt og synspunkt om alt eg tidlegare har posta siste 2 åra, eller om de er einige i at heilt andre krefter er i sving for å endre det samfunnet vi har vakse opp med og kjenner som velfungerande, dog med forbedringspotensiale.

Til dykk som har valt å tru at det eg postar omkring vaksinene òg eller andre saker, er konspirasjonsteoriar kokt ihop av folk som populært og nedsetjande vert kalla tinnfoliehattar fordi dei stiller spørsmål òg fordi desse har gjengitt kjelder som ikkje får sleppe til i den etablerte og statsstøtta mediahusa, takk for fylget!

Det byrjar å verte mange som føler seg lurt no om dagen, fordi mRNA vaksinene ikkje fungerte som vaksiner bør og skal; hindre sjukdom og smitte!

I tillegg er det altfor mange som har fått alvorlige bivirkningar og øydelagde liv etter injeksjonane! Det betyr rett og slett at grunnlaget for å anbefale desse eksperimentelle hastegodkjente vaksinene vart gjort på eit politisk grunnlag og ikkje medisinsk fagleg grunnlag.

Det viser seg at vaksinene ikkje var utprøvd lenge nok og at dei ikkje hindra smitte, hindra ikkje pfizer i og selge sitt produkt som ei fullgod vaksine.

Men det gjorde vel ingenting så lenge nokre kom til å tene seg styrtrike på gode avtaler mellom land som ville kjøpe mRNA vaksinenene.

Andre såg sitt snitt til å tene grovt godt på medisinsk utstyr som til dømes kirurgiske munnbind som i all hovudsak har vore brukt som beskyttelse over ansiktet for legar og helsepersonell for å unngå ureine dråpar og sekret frå sår oa opningar, men som aldri har blitt dokumentert som eit effektivt middel for å hindre eit virus i og spreie se.

Også der har nokre tent seg godt oppom grensa for det dei fleste har innebygd som ærlegdom, ansvarleg og truverdig. Derimot er det skadelig å bruke munnbind over tid, dét er faktisk dokumentert.

Òg at mange anbefalar både vaksinene òg munnbind til trass for risikoen og sjølv om sjukdomen ikkje var farleg for folk flest utan underliggende sjukdom, fortel iallefall meg at 2+2 er ikkje lenger 4 slik vi har lært. Ingenting av det vi har lært er lenger korrekt eller logisk. Det er ikkje lenger logikk i noko politiske vedtak.

Det verste var at born og unge blei skremt til å tru at dei kunne ta livet av mor, far, bestemor og bestefar utan å vere sjuke. At friske folk kunne smitte sine kjære òg bli skuldige i deira sjukdom og død som muligens ville dukka opp før eller seinare likevel!

Eg finn ikkje ord som dekkande for slike truslar og ondsinna påstand utan rot i sanning og verkelegheita.
Folk flest hadde kunnskap, iallefall noko kunnskap om sjukdom, bryte smittekjelder og iverksette smittetiltak, men desse var plutselig ikkje bra nok.

Å plante lygner for å skremme er stygt, og å gjera det mot born er ondskap!

Så kom krigen Putins innvasjon i Ukraina og krigen vart langvarig og Noreg vart involvert. Greit å ha nokon å skulde på når folket vert rasande over straum-og drivstoffprisar over det hinsidige.

Her i vasskraftlandet som har vore sjølvforsynt med kraft i godt over 100 år.

Og lærarstreiken gjorde nok ikkje dagane betre, men det var ikkje den som i utgangspunktet utløyste psykiske problem òg eller fleire utfordringa for barn og unge. Det var den politiske galskapen som blei styrt og utøvd under pandemien som er rota til desse problema!

Eg er ikkje særleg glad i falske profetar! Og avskyr dei som pesten fordi dei oftast fører til splittelse i folket. Familier og vener står på kvar si side, og mange har kutta band. Hetsen mot alle som ikkje kunne ta, eller valgde å stå over vaksinering med hastegodkjent eksperimentelle vaksiner, den var og er fortsatt stygg.

Ein velkjend strategi når makta vil ha meir makt og innflytelse på folket.

Ein pandemi og fryktpropagandaen vart planta i folket. Og nyttig for to ting: Når folket er tilstrekkelig skremde, er dei mørna og villig til å godta løysinga uansett kva det måtte innebere, som å gje avkall på fridom og rettigheiter fordi det er ein dugnad og slike drastiske tiltak og restriksjonar skulle hjelpe på å slå ned viruset.

Heilt utrulig utsagn berre det. Å slå ned eit virus er i alle høve ikkje eit medisinsk begrep. Men å ta alle grep og knep i bruk for å pushe politikken "in the right direction" for å nå målet ( agenda 2030) neida, ingen konspirasjonsteori. Alle burde vite dette no!

Det er mange som ikkje har blitt sjuke av Covid-19 og heller ikkje fått nemnverdige plager etter injeksjonane, er dei heldige?

Det er mange som derimot har blitt sjuke nokre veldig sjuke av Covid-19 etter vaksinering. Er dei uheldige?

Altså, til legemiddelverket er det over 65 500 innmeldte bivirkningar og over 6000 alvorlige og tala aukar og det er mange mørketall fordi legar ikkje koblar plager og sjukdom til desse mRNA vaksinene (?)

Mange legar og helsepersonell var redde for å misse jobben om dei ikkje anbefalte òg eller snakka varmt om vaksinene, nokre mista jobben fordi dei ikkje ville ta mRNA vaksinene sjølv om det heiter at det er frivillig! Svært mange legar har uttalt seg om dette, og fleire blir det.

Det er med andre ord meir enn nok til å ikkje berre heve augebryna men til å byrja og stille spørsmål ved både hemmeleghald mht vedtak, tiltak og manglande medisinsk behandling i og rundt denne pandemien som ikkje berre skremde folket men også den årlige influensaen heldt seg borte (?)

I 2009 kom svineinfluensapandemien som WHO etterkvart innrømma ikkje var ein pandemi likevel. I 2010 endra dei så kriteriane for når ein influensaepedemi skulle kallast ein pandemi. Ein gedigen skandale, kalla Aavitsland det, som sjølv var ansatt hjå FHI som smittelege. Vi lo oss skakke av at det blei kalla ein pandemi, fortalte Aavitsland i ettertid.
Før kunne vi Google om det meste og alle dokument låg ute på nettet.

I 2015, byrja sensuren og merkast om ein delte artikler som inneheldt ord som flyktningar, islam og liknande. Dette har berre auka på, så frå 2020 innførte Google, Twitter og Meta sensur på alt som kan gje folk andre tankar og fri og bevare, til å stille spørsmål.

Svineinfluensavaksina tok livet av 12 personar. Då vart vaksina stoppa, og mange fekk den gong livsvarig plager og sjukdom som dei fortsatt slit med. Nokre har fått erstatning, andre er i endå i prossene og rettssaker mot den norske stat.
Men denne gongen held helsemyndigheitene fram med å anbefale vaksinering sjølv om det viser lite eller inga effekt mot dét den skulle ha effekt mot, og trass i alvorlige bivirkningar og mørketall i dødsfall der injeksjonane er direkte årsak.

Alt heng ihop med det som skjer i dag på den politiske arena. Vi bør ikkje godta at nokre få maktpersonar brukar skremselspropaganda og krisemaksimerer liva våra! Dei ranar oss ved høglys dag og tek frå oss myndigheit og retten til å bestemme over eigne liv.

Kven likar å bli lurt?
Kven trur fortsatt på at globalisme er vår redning?

Isåfall redning frå kven og kva? Omtrent alle dei etablerte politiske partier i Norge er leia og styrt av og med globalistar. Eit europeisk uniont fellesskap som skal bestemme over vanlege folks liv, helse og sosial utvikling. WEF har måla for 2030, det er desse måla dei no er i ferd med å få gjennomført. Ingen skal eige noko, alle skal vera lukkeleg.

Høyrest det svært ut?
Det er ingen teori utifrå ein konspirasjon.

Det er fakta som alle som evnar å lese, kan sjekke ut sjølve! Det er dessutan ingenting dei prøvar å skjule heller, alt ligg oppe og framme. Ver så god, og takk for meg!

Ps. Artikkelen under er frå 1.2.2022 og kun for abbonnentar. De får sjølve vurdere om det er verd eit abbonnement.

Artikkel hentet ifra:
https://www.facebook.com/share/p/1Y9ZTEfois/
Våres 3 kampsaker er: Ytringsfriheten, Demokratiet og menneskerettighetene,vi kjemper for at folket skal beholde makten.
Vi tør der andre tier
Støtter du DINMAKT.NO vipps nr.403 10 231
Post Reply