HVA ER STATSHEMMELIGHETER?

Post Reply
Sigve
Posts: 3821
Joined: Sat May 07, 2022 8:15 am
Location: Ålesund
Contact:

HVA ER STATSHEMMELIGHETER?

Post by Sigve »

Tiltalt e-sjef med bok i DanmarkDamarks permitterte etterretningssjef Lars Findsen, som er tiltalt for å ha leke statsløyndommar, har skrive bok.

Publisert: 13.10.2022 kl 12:04
Findsen vart arrestert i desember og sat deretter fleire månader i varetekt.

Ifølgje tiltalen har han røpt statsløyndommar og leke fortrulege opplysningar til danske medium og privatpersonar.

Han nektar straffskuld og har omtalt skuldingane som vanvitige. Saka mot han har enno ikkje kommen for retten.

PET tilbaud avtale
Torsdag kom Findsen med boka «Spionchefen – Erindringer fra celle 18», skrive i samarbeid med journalisten Mette Mayli Albæk.

I den blir det mellom anna hevda at det danske overvakingspolitiet (PET) prøvde å inngå ein avtale med Findsen rett etter arrestasjonen, før det første avhøyret.

To tenestemenn skal ha prøvd å få han til å tilstå og fortelje kva kjelder dansk presse har i PET. Til gjengjeld vart Findsen førespegla ei mildare sikting, men han avslo tilbodet.

Fortrudd
Få har opp gjennom åra sete på fleire løyndommar i Danmark enn 58 år gamle Findsen, som kort tid etter terrorangrepa mot USA i 2001, vart utnemnt til leiar av PET.

Sju år seinare vart han departementssjef i forsvarsdepartementet, før han i 2015 overtok som leiar for Forsvarets etterretningsteneste (FE). Han hadde også i 20 år fast plass i tryggingsutvalet til den danske regjeringa.

USA-samarbeid
Kva opplysningar Findsen skal ha leke, går ikkje fram av den delen av tiltalen som dansk presse har fått innsyn i.

Ei av sakene skal ifølgje danske medium dreie seg om Danmarks samarbeid med den amerikanske signaletterretningsorganisasjonen National Security Agency (NSA) om avlytting av internettkablar som går via Danmark.

(©NPK)

Den permitterte sjefen for Forsvarets Etterretningsteneste i Danmark, Lars Findsen, risikerer nærare fire års fengsel dersom han blir funnen skuldig i å ha leke statsløyndommar til dansk presse og privatpersonar. Foto: Ida Guldbæk Arentsen/ Ritzau Scanpix / NTB
VELKOMMEN TIL DINMAKT.NO
Våres 3 kampsaker er: Ytringsfriheten, Demokratiet og menneskerettighetene. -FRIHET!
Vi tør der andre tier, et sensurfritt forum!
Vipps noen kroner til DINMAKT.NO Tlf.40310231, slik at vi kan fortsette kampen mot sensuren!
Post Reply