HVORFOR KREVE DYREVELFERD NÅR VI HANDLER ANDRE STEDER?

Post Reply
Sigve
Posts: 3535
Joined: Sat May 07, 2022 8:15 am
Location: Ålesund
Contact:

HVORFOR KREVE DYREVELFERD NÅR VI HANDLER ANDRE STEDER?

Post by Sigve »

Bortskjemte nordmenn?

I påskefjellet får folk skistaver i ansiktet. I bygda slåss dei om ei pakke egg.
For ikkje å gløyme marsipan på 70%……
2
2
FB_IMG_1711571571597.jpg (157.42 KiB) Viewed 12 times
Kva er det som skjer?
Jo. Vi er eit bortskjemt folkeslag, ja eg vil dra det ut og si at nokre er på grensa til ufordragelege!!

Fokus er meg og mitt. Ja så sant det ikkje er noko slarv da, da er naboen og bygdafolket interessante og. Men EG skal HA og eg MÅ!!

Det er alt i frå egentid til billig mat. Og sjølvsagt nokre utanlandsturar i året høyrer med. Fordi eg fortener det. Og spesielt når eg fortener det skal det vera vin på kvelden. Altså når eg fortener det.

Og billig mat da, det må det vera. Men bøndene i Norge bør ha tempurmadrass til dyra, og hotell følelse. Ja for vi vil at dyra i Norge har det bra! Mens når kundane kjem på butikken og ser tilbud på kjøtt frå Tyskland (som med stor sannsynlegheit ikkje er frå Tyskland, men kom dit med båt…) eller Botswana ja da kjøper dei sjølvsagt det, for det er billig!! Men dyra i Norge må ha det bra altså. Det er viktig!

Skjerpings seier eg berre. Vi bur trygt og godt. Vi høyrer ikkje flyalarmar, vi har nok mat. Ja og om vi ikkje har egg så overlever vi faktisk det og. Og om vi møter nokon i skiløypa som ikkje fløtt seg med ein gong, eller hunden flyg i band litt att og fram så treng vi ikkje fram med skistaven. Trener du til VM i Trondheim eller?

Kanskje vi skal bry oss om dei viktige tinga? Om mat på bordet og ei trygg verd? Støtt opp om den norske bonden, det er god beredskap det!

Ta vare på dei rundt deg 💛

Ps. nokre gonger i livet lønner det seg å kjenne, og vera grei mot ein bonde med høner🐣
3
3
FB_IMG_1711571580369.jpg (133.05 KiB) Viewed 12 times
Attachments
1
1
FB_IMG_1711571521095.jpg (135.61 KiB) Viewed 12 times
VELKOMMEN TIL DINMAKT.NO
Våres 3 kampsaker er: Ytringsfriheten, Demokratiet og menneskerettighetene. -FRIHET!
Vi tør der andre tier, et sensurfritt forum!
Vipps noen kroner til DINMAKT.NO Tlf.40310231, slik at vi kan fortsette kampen mot sensuren!
Post Reply