Korleis tene pengar utan EØS-avtalen?
- Etter at eg byrja å argumentere for «nei til EØS-avtalen» har fleire påstått at det ikkje er mogleg å tene pengar utan avtalen. Eg vil med dette innlegget prøve å besvare desse ytringane. Eg er berre ein politisk interessert kar, så korriger meg gjerne om eg tek steikje feil.
Først vil eg byrje med å introdusere meg sjølv. For eg forstår at eg er begynt å pirke borti eit sårt tema, men heldigvis også eit engasjerande. Difor har eg forståing for at det er vanskeleg å kunne ha tillit til folk utan å ha litt kjennskap til den aktuelle personen, og dens motiv.
Kort om meg:
Eg er ein 26 år gamal gardsgut vakse opp på ei øy ute i havgapet på Vestlandet. Har flytta til Bergen og kjent på bylivet no i nokre år. Så har kjent på kroppen både distriktslivet og bylivet. Har opplevd korleis dårleg politisk styring kan stoppe utvikling av distrikta, og ikkje minst bøndene. Har også opplevd korleis dårleg politisk styring kan påverke tusenvis av folk i store byar, og kor nødvendig det er å ha ein god plan for folket. Ein plan og politikk som vil sørgje for at vi kan vere stolte når vi syng vår nasjonalsong, 17 mai.
Som ungdom har eg alltid vore interessert i politikk, og har undra på mangt. Kvifor skal vi ha vindmøller i Norge, når det regner som F*** i Bergen og store deler av landet? Kvifor legg vi ned store deler av landbruket når vi må importere inn i helsike med mat? Kvifor skal vi slutte med olje og gass når vi treng CO2 for å puste? Kvifor bygger vi ned distrikta når majoriteten av kompetansen og ressursane ligg ute i distrikta? Kvifor kjem «de høge herre» med fossile drivne bilar og fly til klimatoppmøta visst det verkeleg er så farleg med fossile brensel?
Kan sikkert holde på i evigheita med slike spørsmål, men ja, det er mykje eg har undra på. I det siste undra eg også på korleis kan våre folkevalde sleppe unna så billig. Ein kan jukse på masteroppgåve, jukse med skatt, lure det norske folk, og likevel sleppe unna. - Er det korrupsjon i Norge???
Norges befolkning sa nei til EU både i 1972 og 1994, korleis sleppe våre folkevalde unna når EØS-avtalen er direkte styrande i vårt land, og vi blir underlagt EU gjennom avtalen?
Det er siste emne eg no brenn mest for. Nei til EØS-avtalen. For eg ser at nesten alle ting eg har undra på i yngre alder har ein stor samanheng med EØS-avtalen. Alle dei gonger eg har undra på kor i h****** er politikarane våre, så ser eg no i etterkant at det ikkje er våre folkevalde som bestemm. Det er EØS-avtalen som er vår «utøvende makt».
For å avslutte introduksjonen om meg sjølv.
Eg har eit motiv. Få tilbake kontroll over landskap og ressursar. Eg vil at vi skal få ein nasjonalfølelse av politikken, ein politikk som vi kan stå bak. Og eg støttar alle som vil det same, og spesielt ut av EØS-avtalen. For denne avtalen spelar norsk regjering sjakk matt.
Jepp, eg har mine parti eg støttar, men eg er ikkje ute etter å aktivt promotere når eg skriv i eige namn. Eg støttar dei parti som har i partiprogrammet sitt at dei vil ut av EØS-avtalen. Og mitt eige formål er å informere folk om EØS-avtalen, og få folket med på å få sagt opp EØS.
…… Så, korleis kan Norge tene pengar utan EØS-avtalen?
Norge er medlem i EFTA, Det europeiske frihandelsforbundet. Dette er ein avtale som blei inngått i 1960, med mange land som medlemmar. I dag er Norge, Sveits, Island og Liechtenstein medlemmar av EFTA. Sveits er ikkje EØS medlem, men likevell med i EFTA.
Hensikten med samarbeidet er å etablere frihandelsavtalar mellom EFTA-landa og andre land utan for EU (tredje land). Norge kan med andre ord delta i dette samarbeidet, på lik linje som Sveits, ved å ikkje vere del av EØS-avtalen.
Ved oppsigelse av EØS-avtalen vil Norge falle tilbake til avtalen frå 1973, då efta landa inngjekk frihandelsavtale med EU. Ei avtale som var resultatet av folkets nei til EU medlemskap i 1972. Og slik vil Norge altså ha full tilgang til EU’s indre marked, utan å ha EØS-avtalen. Dette framgår også ved artikkel 120 i EØS-avtalen. Denne artikkelen bekrefta at handelen vil bli regulert av handelsavtalen frå 1973 og WTO. Dette betyr også at WTO sørgjer for at EU ikkje kan hindre vedtaket om tollfri eksport til EU.
Fleire ytrar sine bekymringar om at Norge ikkje vil få solgt varar eller importert ved opphør av EØS-avtalen. Då stiller eg eit stort spørsmål? Korleis kan dei aller fleste andre land utanfor EU og EØS handle med EU?
EU’s import av LNG frå Russland nådde nye høgder i 2023, berre for å setje ting i perspektiv. Trur nordmenn at EU vil slutte å kjøpe gass frå oss fordi vi seier opp EØS-avtalen?
Sjølvsagt må nye ting på plass når ein har sagt opp EØS-avtalen. Nye avtaler og betingelser og reguleringar må fastsetjast. Men dette kan ikkje vere grunnlaget og frykten for at vi skal behalde ein avtale som krev omtrent full suverenitetsavståelse til EU.
….Så til alle EØS-tilhengarane, framtida er dessverre lys utan tett EU samarbeid… Og fanken som eg gleda meg til å feire når råderetten er tilbake.
Heilt til slutt. Fleire legg sikkert merke til at mine innlegg er sponsa. Ja det stemmer. Dei er sponsa av meg sjølv. Eg betalar av mine egne pengar for å kunne skrive politiske innlegg på Facebook, og dele desse. Vi lever i ein flott og fri verden, ikkje sant?
Takk for din oppmerksemd.
Hvordan tene penger UTEN EØS avtalen...
Hvordan tene penger UTEN EØS avtalen...
VELKOMMEN TIL DINMAKT.NO
Våres 3 kampsaker er: Ytringsfriheten, Demokratiet og menneskerettighetene. -FRIHET!
Vi tør der andre tier, et sensurfritt forum!
Vipps noen kroner til DINMAKT.NO Tlf.40310231, slik at vi kan fortsette kampen mot sensuren!
Våres 3 kampsaker er: Ytringsfriheten, Demokratiet og menneskerettighetene. -FRIHET!
Vi tør der andre tier, et sensurfritt forum!
Vipps noen kroner til DINMAKT.NO Tlf.40310231, slik at vi kan fortsette kampen mot sensuren!